Om meg
Eg underviser 54 barn og unge i alderen 7 til 16 år i fiolin og bratsj, eg dirigerer 25 elevar i Aspirantorkesteret, og eg underviser 60 andreklassingar i musikk. Kvar veke. Eg har jobba som musikkpedagog i ulike kulturskolar, grunnskolar og strykeorkester i nesten 20 år, og eg trur eg har verdas beste jobb.
Eg er dagleg leiar i Haugerud strykeorkester, og eg har ansvar for samarbeidet mellom sju lærarar og dirigentar, 110 elevar og deira foreldre, eit frivillig foreldrestyre, Oslo kulturskole og Trosterud skole og aktivitetsskole.
Eg har svart belte i å få sjuåringar til å tenkje: «Fiolin er moro, dette får eg til!» Det har bidrege til at Haugerud strykeorkester, på berre åtte år, har gått frå ei handfull fiolinelevar på AKS-kurs til fire orkestergrupper med 110 elevar på fiolin, bratsj, cello og kontrabass. Og eg er skikkeleg god på gruppeundervisning. Her kan du sjå meir om Haugerud strykeorkester.
Eg er òg musikkpedagogisk forskar med doktorgrad frå Norges musikkhøgskole. Avhandlinga mi, som du kan lese her, har tittelen Knots of Knowing-in-Playing: Stories From Violin Lessons Read Diffractively Through Agential Realism, og undersøker fiolintimar i ein norsk kulturskole frå eit feministisk og posthumanistisk perspektiv. I tillegg har eg skrive artiklar og bokkapittel i både norske og internasjonale tidsskrift og bøker. Ei fullstendig publikasjonsliste finn du her.
Både som forskar og lærar interesserer eg meg for korleis praktiske og teoretiske sider ved instrumentalundervisning heng saman, og for korleis ulike måtar å undervise eller forske på skaper ulike moglegheiter for ulike typar kunnskap — og for korleis desse moglegheitene er ulike for ulike folk. Kort sagt: Eg interesserer meg for kunnskap, inkludering og ekskludering i musikkpedagogisk forsking og praksis.
Når eg ikkje underviser eller forskar, likar eg å danse Boogie Woogie med mannen min, snakke om fotball eller laiv med barna mine, spele fele i bluegrassbandet Gallow Hill eller lese Terry Pratchett-bøker heilt aleine.