Inkludering er jobb #1

Kulturskulen har ein visjon om vere for alle, men visjonar blir ikkje verkelegheit av seg sjølv. Kva jobb kan me som jobbar i kulturskulen gjere for at den skal bli for alle?

 

Denne veka har eg gjort to jobbar. For det fyrste, har eg skrive ein sommarhelsing til mine elevar kor eg inkluderte informasjon om korleis dei kan søke om redusert betaling eller økonomisk støtte. For det andre, har eg tatt jobben med å gå gjennom lista over dei som ikkje har svart på om dei kjem eller ikkje på sommaravslutninga i Spond (appen me brukar til informasjon), og sendt dei ein sms med informasjon.

 

Eg brukar ordet jobb med vilje, for inkludering er jobb. Ote er det den som skal bli inkludert som må gjere jobben sjølv. Sara Ahmed har skrive mykje bra om det, for eksempel her: https://feministkilljoys.com/2022/03/24/complaint-as-a-queer-methodb/

 

Men nokre gonger er det me som faktisk er på jobb som gjer jobben. Framover skal eg skrive om alle dei små og store jobbane eg gjer, og ikkje minst, dei eg ikkje får gjort. Gjennom å sette ord på jobben eg gjer, håpar eg at fleire får idear til kva dei kan gjere i sin kulturskolekvardag for å gjere kulturskolen meir inkluderande.